Naturalytingar

Naturalytingar er gode som arbeidstakaren får i anna enn pengar frå arbeidsgjevaren sin. Nokre kallar det også for frynsegode.


Verdi på naturalyting

Hovudregelen er at alle fordelar ein arbeidstakar får er skattepliktige.
Arbeidsgjevaren skal ta med verdien av skattepliktige naturalytingar i utrekningsgrunnlaget for forskotstrekk og arbeidsgjevaravgift. Det er ikkje alltid like enkelt å finne verdien på ei naturalyting. I utgangspunktet skal omsetningsverdien leggjast til grunn. Av praktiske årsakar er det i nokre tilfelle gjeve alternative måtar å verdsetje verdien på ytinga.

Skatteloven om naturalytelser

Skatteforskriften om naturalytelser

Verdsetjing av naturalytinga kan skje på tre måtar:

  • Etter sats
  • Arbeidsgjevar si fastsetjing
  • Skattekontoret si verdsetjing

Eksempel på skattepliktige naturalytingar:

  • Fri bil
  • Mobiltelefon/Internett
  • Fri kost og losji
  • Privat bruk av bonuspoeng tente opp i jobbsamanheng
  • Rimeleg lån i arbeidsforhold
  • Personleg medlemskap på treningssenter

 

Skatte-ABCen om privat bruk av bil

Skatte-ABC om mobiltelefon/Internett

Skatteetaten om beskatning av EK-tjenester (telefon mv.)

Skatteetaten – kost og losji – sats for fordelsbeskatning

Skatteetaten - normrente for beskatning av rimelige lån hos arbeidsgiver

Skatte-ABC om helsestudio, treningssentre mv. (Skatteetaten)

Skatteetaten – veileder til rapportering og skattlegging av naturalytelser

Skatte-ABC om naturalytelser

Det er likevel gjeve skattefritak for enkelte typar naturalytingar.

Nokre skattefrie naturalytingar

Jubileumsgåver

I utgangspunktet er gåver til tilsette skattepliktige, men det finst nokre unntak:

  • Gåve på inntil kroner 8 000 for lang tenestetid kan givast skattefritt til tilsette. Gjeld første gong ved 20 års tenestetid, og deretter kvart tiande år.
  • Gåve på inntil kroner 4 000 kan gjevast skattefritt til tilsette når:

a) mottakaren giftar seg

b) mottakaren fyller 50 år og deretter kvart tiande år

c) mottakaren går av med pensjon eller sluttar av annan grunn etter minst 10 år i bedrifta 

d) bedrifta har bestått i 25 år eller i tal år som er deleleg med 25, for eksempel 50 år

Andre gåver: 

  • Gåve til dei tilsette inntil kroner 5 000 per år kan givast skattefritt (for eksempel julegåve).

Det er ikkje lov å gje gåva i form av kontantar. Eit gåvekort som ikkje kan vekslast inn i pengar vil likevel bli godteke.

Skatte-ABC om gaver i arbeidsforhold

Personalrabatt

Personalrabatt, medrekna 100 prosent rabatt, på uttak av varer og tenester som verksemda produserer eller sel er ikkje skattepliktig så lenge den samla rabatten per tilsett ikkje overstig kroner 8 000 per år. Rabattar som ein tilsett får via arbeidsgjevaren sine leverandørar skal også takast med i den samla rabatten. Det er omsetningsverdien i sluttbrukarmarknaden som skal leggjast til grunn ved utrekning av verdien på rabatten.

Når reglane om personalrabatt og reglane om skattefri gåve blir kombinerte, inneber det at arbeidsgivar skattefritt kan gi verdiar for inntil kroner 13 000 per tilsett per år. Skattefrie jubileumsgåver kjem i tillegg.

Forskjellen mellom reglane om personalrabatt og gåveregelen er at det for gåveregelen ikkje er noko vilkår om at varet eller tenesta må omsetjast i arbeidsgivarverksemda.

Skatteloven om personalrabatt

Skatte-ABC om personalrabatt

Bankkort/kredittkort

Dersom arbeidstakaren reiser i jobben eller på annan måte har bruk for eit bankkort eller kredittkort i arbeidssamanheng, er det ikkje skatteplikt for fordelen ved at arbeidsgjevaren heilt eller delvis dekkjer årsavgifta.

Skatte-ABC om betalingskort (Skatteetaten)

Rimelege velferdstiltak

Naturalytingar som kan reknast som "rimelege velferdstiltak" for alle eller ein betydeleg del av dei tilsette, vert ikkje rekna som skattepliktig inntekt. Eksempel på dette kan vere ei felles tilstelling med formål å auke trivselen på arbeidsplassen.

Skatte-ABC om velferdstiltak

Bedriftshytte

Dersom hytta er tilgjengeleg for alle tilsette, eller ei betydeleg gruppe tilsette, og desse har lik rett til å bruke denne vil dette normalt vere eit skattefritt gode for den tilsette. Er bruken av bedriftshytte i hovudsak atterhald eigarane til bedrifta eller eit fåtal tilsette, vil fordelen vera skattepliktig.

Skatte-ABC om bedriftshytte (Skatteetaten)

Overtidsmat

Arbeidsgjevaren kan skattefritt dekkje eit måltid på inntil 200 kroner når den tilsette arbeider minst 10 timar samanhengande. Dette føreset at arbeidsgjevaren kjøper maten, eller at arbeidstakaren dokumenterer kostnaden med kvittering.

Skatteetaten om overtidsmat

Fri avis

Privat tilgang til aviser eller nyhetstenester dekt av arbeidsgjevaren vert ikkje rekna som skattepliktig for den tilsette når det ligg føre tenstleg behov (vert rekna som nødvendig på grunn av arbeidet sitt) for det.

Skatte-ABC om fordel ved fri avis og nyhetstjenester

Klede

Når arbeidsgjevaren kjøper inn og krev at den tilsette skal bruke uniform eller spesielle verneklede, er det ikkje skatteplikt for arbeidstakaren.

Uniformer er kjenneteikna med at dei har eit einskapleg utsjåande og uniformsmessig preg, gjerne med logo på, og at dei er lite eigna til privat bruk.

Verneklede vert gjerne bruka på grunn av stor slitasje, smuss eller hygieniske årsakar. Eksempel på dette kan vere kjeledressar på bilverkstadar eller overtrekksfrakkar i helsevesenet.

Skatte-ABC om arbeidstøy

Naturalytingar og arbeidsgjevaravgift

Er ei naturalyting skattepliktig for mottakaren og dermed inngår i grunnlaget for forskotstrekk, må arbeidsgjevaren rekne ut og betale arbeidsgjevaravgift for beløpet. Kan naturalytinga utbetalast skattefritt for mottakaren, skal heller ikkje arbeidsgjevaren betale arbeidsgjevaravgift.

Lønnsopplysningsplikt (lønnsrapportering)

Alle skattepliktige naturalytingar skal rapporterast til myndigheitene gjennom  a-meldinga. Naturalytingar som er skattefrie treng du ikkje å rapportere.

Kontakt og hjelp:

Skatteetaten

Åpne kontaktskjema