Fra og med 2023 (inntektsåret 2022) skal alle enkeltpersonforetak bruke den nye skattemeldingen. Du kan enten bruke et sluttbrukersystem for å sende skattemeldingen, eller du kan logge deg inn på skatteetaten.no for å levere skattemeldingen der skatteetaten.no/skattemelding/

Om denne tenesta

Leveringsfristen for skattemelding for næringsdrivande for 2021 er 31. mai. Ektefellar til dei som har utsett frist har same frist. Det same gjeld deltakarar i selskap med deltakarfastsetjing.

Det er mogleg å søke om ytterleg utsetjing. 

 Det er ikkje tillate å levere denne skattemeldinga med vedlegg på papir.

  • Alle som har fått skattemelding for næringsdrivande og alle som har drive næringsverksemd skal levere skattemelding for personleg næringsdrivande o.a.

Fått feil skattemelding?

Dersom du har fått «Skattemeldinga for personleg næringsdrivande o.a.», må du levere denne også i dei tilfella der næringsverksemda har blitt avslutta.

Har du starta næringsverksemd i 2021 og fått tilsendt «Skattemelding for formue- og inntektsskatt – lønnstakarar og pensjonistar o.a.», kjem det av at skattestyresmaktene ikkje har fått kjennskap til at du har starta næringsverksemd

Klikk på skjemalenkja under «Kvar finn du skjema» og deretter på knappen «Nytt skjema» for å levere «Skattemelding for formue- og inntektsskatt – personleg næringsdrivande o.a.». Vel næringsoppgåve etter innlogging (dei fleste skal nytte Næringsoppgåve 1 – RF-1175). Skattemelding for personleg næringsdrivande o.a. blir då opna med dei same førehandsutfylte opplysningane som i skattemeldinga du har fått tilsendt.

Skjema skal leverast på innehavaren sitt fødselsnummer.

Skattytarar som skal levere skattemelding på vegner av ein avliden, kan ikkje levere på internett. Desse må levere på papir.

Som personleg næringsdrivande kan du fylle ut og sende inn di eiga skattemelding i Altinn.

For å fylle ut dette skjemaet trenger du Altinn-rollen Regnskapsmedarbeider, Revisormedarbeider eller Regnskapsfører uten signeringsrett.
Signering krever rollen Begrenset signeringsrettighet eller Regnskapsfører med signeringsrett.
Om selskapet er revisorpliktig kreves rollen Revisorrettighet eller Ansvarlig revisor.

Du kan sjå kva for roller du har for ein aktør på sida Profil, roller og tilgang. Om du ikkje har desse rollene, må du få nokon som har rollene til å delegere dei til deg.

Kontroller at du har dei naudsynte rollene i god tid før leveringsfristen.

Vedleggsskjema finn du under fana Vedlegg når du har opna skjemaet. Dersom du nyttar Skattemelding for formues- og inntektsskatt for personleg næringsdrivande o.a. (RF-1030) saman med Næringsoppgåve 1 (RF-1175), kan du òg leggje vedleggsskjema til direkte frå post i anten skattemeldinga eller næringsoppgåva.

Skattemeldinga for personleg næringsdrivande består av eitt hovudskjema (skattemeldinga) og ulike vedleggsskjema (til dømes næringsoppgåve 1).

Skattemelding for formues- og inntektsskatt – personleg næringsdrivande o.a. (RF-1030) er fylt ut på førehand med opplysningar som Skatteetaten har om deg, anten frå interne register eller som er tilsende frå bankar, forsikringsselskap, ev. arbeidsgivarar og andre offentlege etatar. Dei førehandsutfylte opplysningane gjeld først og fremst dei personlege forholda dine. Du må sjølv leggje til opplysningar om næringsforholda dine.

Opplysningane som finst i den førehandsutfylte skattemeldinga, kan òg lastast ned til sluttbrukarsystem som har integrasjon mot Altinn

Hjelp og rettleiing

I skjemaa kan ein få tilgang til ulike typar hjelpetekstar:

1. Skattefaglege hjelpetekstar til postane (spørsmålsteikn ved sidan av skjemafelt)

2. Skattefagleg rettleiing til Skattemelding for næringsdrivande o.a. (RF-1030) og Næringsoppgåve 1 (RF-1175).

3. Hjelp til korleis ein nyttar løysinga (navigering, prinsipp for verdioverføring mellom skjema osb.)

Levering av skjema for 2018 eller tidlegare år må sendast inn som skanna vedlegg til e-kontaktskjema eller RF-1117 Klage på styresmaktenes fastsetting av formues- og inntektsskatt.

Skjema for 2019 leverer ein via RF-1366 – Endringsmelding for formues- og inntektsskatt 2019 for personlege skattepliktige

Skjema for 2020 leverer ein via RF-1366 – Endringsmelding for formues- og inntektsskatt 2020 for personlege skattepliktige

Skjema for 2021 leverer ein via RF-1366 – Endringsmelding for formues- og inntektsskatt 2021 for personlege skattepliktige

Trenger du hjelp?

Faglig brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.

Telefon: 800 80 000

Åpne kontaktskjema