Norske deltakarar i utanlandske selskap som omfattast av skattelova §§ 10-60 til 10-68 har plikt til å levere RF-1245 "Selskapsmelding NOKUS" som skal omfatte heile selskapets verksemd for det aktuelle inntektsåret.

Oppgaven består av eitt hovudskjema (skattemelding, selskapsmelding), og i tillegg ulike vedleggsskjema (for eksempel næringsoppgåve).

Start teneste

Om denne tenesta

Frist for elektronisk innsending er 31. mai.

Norske deltakarar i utanlandske selskap som omfattast av skattelova §§ 10-60 til 10-68 har plikt til å levere RF-1245 "Selskapsmelding NOKUS" som skal omfatte heile selskapets verksemd for det aktuelle inntektsåret.

Oppgåvene skal fyllast ut i den valuta som selskapets rekneskap er ført i. Som vedlegg til selskapsmeldinga er det og plikt til å levere RF-1234 "Selskapet si melding over deltakar i NOKUS" og RF-1246 "Deltakaren si melding over formue og inntekt i NOKUS"

Postane i dei to deltakarmeldingane er identiske. RF-1234 leggast ved selskapets oppgåver, mens RF-1246 leggast ved deltakaranes oppgåver. Det føresettast at selskapet utarbeider RF-1246 i samarbeid med deltakarane. NOKUS som eig aksjar i anna NOKUS skal skattemessig sjåast på som deltakar, og skal levere deltakarmelding (RF-1246) for eigardelen i det underliggande selskapet. Ved indirekte eige skal det leverast ei selskapsmelding for kvart enkelt NOKUS.

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Rekneskapsmedarbeidar, Revisormedarbeidar eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.
Signering kan du gjøre med rolla Avgrensa signeringsrett, Rekneskapsførar med signeringsrett, Revisorrett eller Ansvarleg revisor.

Du kan sjå kva roller du har for ein aktør på sida Tilgangsstyring. Om du ikkje har desse rollene, må du få nokon som har rollene til å delegere dei til deg.

Sidan NOKUS ikkje er registrert i Einingsregisteret, må det opprettast roller manuelt via Sentralskattekontoret for storbedrifter (SFS). Det føregår ved at det blir sendt epost til nina.gulbrandsen@skatteetaten.no med opplysningar om selskap det skal innleverast på (oppgje det åttesifra registreringsnummeret, som blei tildelt av SFS då selskapet blei registrert i manntalet), namn og fødselsnummer på dei som skal signere, samt rolle i selskapet. Merk at dersom revisor skal signere, må også revisor oppgis med rolle for kvart enkelt NOKUS.


Dersom du ikke har fått førehandstildelt rolle, må du be ein av personene som nemnd over delegere ei rolle til deg.

Vedleggsskjema finn du under arkfana Vedlegg etter å ha opna hovudskjemaet.

Skattemeldinga for formues- og inntektsskatt for selskap og personleg næringsdrivande er bygd opp av eitt hovudskjema (skattemelding, selskapsmelding), og i tillegg ulike vedleggsskjema (for eksempel næringsoppgåve).Du må levere skjemaet i Altinn.

Hjelp og rettleiing

På Skatteetatens nettstad finn du rettleiing for papirversjonen av skjemaet.

Trenger du hjelp?

Faglig brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.

Telefon: 800 80 000

Åpne kontaktskjema