Næringsoppgåve 1 (RF-1175) Vedlegg


Om vedleggskjemaet

Du har same frist for å levere RF-1175 som skattemeldinga eller selskapsmeldinga.

Næringsoppgåve 1 (RF-1175) skal leverast av næringsdrivande som etter bokføringslova av 19. november 2004 nr 73, § 2 andre ledd har bokføringsplikt for den verksemda som vert driven. Som bokføringspliktig etter § 2 annet ledd reknar ein skattepliktige som driv verksemd, og som derfor pliktar å levere næringsoppgåver etter likningslova § 4-4 nr. 1. Dei som driv utleigeverksemd som ikkje blir rekna som næringsverksemd, nyttar Utleige mv. av fast eigedom (RF-1189). Dette gjeld også for utleige av jord.

I tillegg til RF-1175 må alle næringsdrivande normalt levere skjema for utrekning av personinntekt (RF-1224), Avskrivingsskjema (RF-1084) og dersom det er aktuelt, Gevinst- og tapskonto (RF-1219). Krevst det frådrag for kostnader som gjeld stasjonsvogn, varebil, lastebil under 7,5 tonn eller personbil (nytta meir enn 6000 km i næring), skal bilskjema (RF-1125) leverast saman med skattemeldinga. 

Du vil ha tilgang til dette skjemaet om du har tilgang til hovudskjemaet dette skjemaet er eit vedleggsskjema til.

Treng du hjelp?

Fagleg brukarstøttet svarer på spørsmål knytta til utfylling av skjema.
Telefon: 800 80 000

Åpne kontaktskjema