Opplysingar frå selskapa gir Skatteetaten grunnlag til å produsere og sende ut Aksjeoppgåva (RF-1088) til aksjonærane. Oppgåva skal hjelpe aksjonærane til å levere rett skattemelding. Den dannar også gunnlaget for førehandsutfylling av skattepliktige beløp i skattemeldinga.

Start teneste

Om denne tenesta

Innleveringsfrist i Altinn er 31. januar 2024.

Du kan sende inn oppgåva så mange gonger du vil. Det vil alltid vere den siste innsendte oppgåva som vil vere gjeldande oppgåve.

Konsekvensar ved ikkje å levere

Skatteetaten har vedteke å påleggje selskap som ikkje leverer innan fristen ei dagleg tvangsmulkt fram til oppgåva blir levert. For aksjonærregisteroppgåva kan de måtte betale tvangsmulkt for inntil 20 dagar, med eit halvt rettsgebyr per dag. I statsbudsjettet for 2024 er det føreslått at eitt rettsgebyr blir 1 277 kroner. Samla tvangsmulkt blir maksimalt 12 770 kroner.

Alle aksje- og allmennaksjeselskap skal levere Aksjonærregisteroppgåva. Dette gjeld óg selskap som er avvikla i 2023.

Boligaksjeselskap skal ikkje levere oppgåva. Selskap som er registrerte i Verdipapirsentralen (VPS) treng ikkje levere denne oppgåva. Då står VPS for innrapporteringen. Skattefrie institusjonar skal berre levere oppgåva om institusjonen har skattepliktig inntekt (sjå lovheimel hjå Lovdata). Skatteforvaltningslova § 7-7.

For å fylle ut dette skjemaet treng du ein av Altinn-rollene Rekneskapsmedarbeidar, Utfyllar/Innsendar eller Avgrensa signeringsrett, Ansvarleg revisor, Rekneskapsførar med signeringsrett, Rekneskapsførar utan signeringsrett, Revisormedarbeidar, Revisorrett eller Avgrensa signeringsrett.

Du kan sjå kva roller du har for ein aktør på sida Profil, gå inn på skjema og tenestar du har rett til. Om du ikkje har desse rollene, må du få nokon som har rollene til å delegere dei til deg.

Aksjonærregisteroppgåva består av eitt hovudskjema, RF-1086, som inneheld selskapsopplysningar, og eitt vedleggsskjema (også kalle underskjema) RF-1086U, som inneheld aksjonæropplysningar.

Vedleggsskjema finn du som ei arkfane. For å leggje til eit vedleggsskjema, går du inn på fana ”Oversikt – skjema og vedlegg” og trykker på knappen ”Legg til”. AR-oppgåva førehandsutfyller aksjonærar som er korrekt identifiserte frå 2022-innleveringa).

Opplysningar frå selskapa gjev Skatteetaten grunnlag til å produsere og sende ut Aksjeoppgåva (RF-1088) til aksjonærane. Oppgåva skal hjelpe aksjonærane til å levere rett skattemelding. Den dannar óg grunnlag for førehandsutfylling av skattepliktige beløp i skattemeldinga.

På førehand utfylt oppgåve

På førehand utfylt oppgåve blir lagt ut i "innboks" 4. desember 2023.

På førehand utfylt oppgåve inneheld selskaps- og aksjonæropplysningar lik utgåande behaldning for fjoråret. Det er eitt underskjema per identifisert aksjonær.

Det produserast ikkje på førehandsutfylde oppgåver
- når selskapet har unnlate å sende oppgåve tidlegare år.
- viss selskapet er stifta i 2023.

For nye/uidentifiserte aksjonærar leggast vedleggsskjema (RF-1086U) til etter behov.

Melding til din innboks

Etter innsending av oppgåva i Altinn, blir det fortløpande lagt ut melding om følgjande:
- Stadfesting på godkjenning når oppgåva er godkjend i Aksjonærregisteret, det vil sei at oppgåva ikkje har feil. Selskapet veit dermed at det blir produsert "Aksjeoppgåva 2023" til selskapet sine aksjonærar.
- Feilliste som gir oversikt over feil som må rettast før oppgåva kan godkjennast i Aksjonærregisteret. Feila må rettast og oppgåva sendast inn på ny.

Sletta selskap

Sletta selskap kan også levere oppgåva gjennom Altinn.

Sletta selskap finn du ved å gå til "innboks" og velje "Vis alle aktører" i aktør (ikonet oppe til høgre) Huk deretter av i boksen for "Sjå sletta einingar".

Hjelp og rettledning

 

Trenger du hjelp?

Faglig brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.

Telefon: 800 80 000

Åpne kontaktskjema