Om denne tenesta

Søknad om løyve skal sendast til fylkeskommunen der søkjaren har si forretningsadresse.

Alle som skal søkje selskapsvognløyve.

Følgjande dokumentasjon skal vere vedlagt søknaden:

Vitnemål for bestått eksamen godkjent av departementet.

Politiattest ikkje eldre enn tre månader. Vandelskravet må dokumenterast kvart femte år.
 
Garantierklæring frå bank eller forsikringsselskap, attest frå kommunekasserar, attest frå skatteetaten og utskrift frå konkursregisteret.

Attestane må ikkje vere eldre enn tre månader.

Eins stiller krav om at motorvogna som skal brukast er eksklusiv. Løyvet er behovsprøvd.

Krav til søkjaren:

Det vert kravd at søkjaren:

  • driv ei fast og varig verksemd i Noreg,
  • har god vandel,
  • har tilstrekkeleg fagleg kompetanse. Kravet om fagleg kompetanse vert rekna for å vere oppfylt dersom søkjaren anten kan leggje fram vitnemål for bestått eksamen frå ei eksamensordning som er godkjend av departementet, innehar løyve for den løyvetypen det vert søkt om, eller har leia eit transportføretak samanhengande i perioden på 10 år før 4. desember 2009. Kravet til fagleg kompetanse kan også oppfyllast gjennom eigne løyvekurs for drosjeløyve.
  • har tilfredsstillande økonomisk evne. Søkjaren må ved søknad om eitt løyve leggje fram ei garantierklæring frå bank eller forsikringsselskap på ein kronesverdi tilsvarande 9 000 euro. For løyve ut over dette gjeld ein kronesverdi tilsvarande 5 000 for kvart løyve.

 

Selskap:

 Er søkjaren eit selskap eller annan juridisk person, må den til ein kvar tid ansvarlege leiaren fylle krava til vandel og fagleg kvalifikasjon.Kravet til økonomi må oppfyllast av selskapet. Er søkjaren eit nyoppretta selskap, må også den ansvarlege leiaren oppfylle kravet til økonomi.

 

Gebyr:

 For søknad om fellesskapsløyve skal det betalast eit gebyr på 3 400 kr. For kvar attestert kopi må det betalast 1 000 kr. Gebyret skal vere betalt før løyvet vert utferda.

 

Merknad:

Alle som skal drive transport mot vederlag, må ha løyve.
Med ”drive” meiner ein her all transport med unntak av det rent sporadiske.

Kva fylkeskommune skal du søke i?

Åpne kontaktskjema