Søknad om tilskot til mentor (NAV 76-13.84)

Mentor er ei støtteordning for arbeidsgjevarar der det innvilgast tilskot til frikjøp av ein kollega eller medstudent. NAV kan også gi tilskot til mentor dersom det er naudsynt for å få eller behalde lønna arbeid i ei ordinær verksemd.

Søknad om tilskot til mentor inneheld personopplysningar. Søknaden skal bare innehalde personopplysningar om den deltakaren som søknaden gjeld. Søknaden skal ikkje innehalde fleire personopplysningar enn det som er naudsynt for å handsame søknaden.

Verksemda er ansvarleg for å sikre at personopplysningar blir handsama i tråd med bestemmingane i personopplysningslova. Sjå nærare informasjon om personvern på arbeidsplassen i rettleiing frå Datatilsynet.

Finn skjemaet på nav.no

Om denne tenesta

Skjemaet skal brukast når det er behov for bistand for å kunne gjennomføre arbeidsmarknadstiltak eller for å kunne få eller behalde lønna arbeid i ei ordinær verksemd.

Skjemaet skal nyttast av personar som representerer ei bedrift - ikkje ei juridisk eining. Rolla «Helse-, sosial og velferdstjenester» gir tilgang til tenesta.
Du kan sjå kva slags roller du har for aktør på sida Profil, roller og rettigheter. Om du ikkje har den naudsynte rolla, må du få nokon til å delegere ho til deg.
Tenesta kan innehalde sensitiv informasjon og krev derfor minimum innlogging med sikkerheitsnivå 3. (Sikkerheitsnivå blir angjeve med ikon ved sida av innloggingsval.)

Skjemaet gir NAV naudsynt informasjon for å kunne innvilge tilskot til mentor. Sjå Forskrift om arbeidsmarkedstiltak kap 5 Mentor.

I denne instruksjonsfilmen får du ein detaljert gjennomgang av heile søknadsskjemaet om tilskot til mentor. Du kan også ta kontakt med NAV Kontaktsenter – Arbeidsgjevartelefonen. Sjå kontaktinformasjon under.

Kontaktinformasjon:

NAV Kontaktsenter – Arbeidsgivertelefonen 55 55 33 36.

Åpne kontaktskjema