Denne tenesta er for deg som skal endre ei a-melding du har levert i Altinn (A01) tidlegare. Denne tenesta kan ikkje nyttast for periodar etter 2024. 

Viss du skal levere a-melding for ein ny periode, og du ikkje har eit lønnssystem, skal du levere a-meldinga på skatteetaten.no.

Har du eit lønnssystem, skal du ikkje bruke dette skjemaet, heller ikkje til å endre opplysningar eller rette feil.

Start teneste

Det er ikkje mogleg å sende a-melding direkte i Altinn (A01) for nye periodar i 2024.

Dersom du har behov for å rette ei a-melding du har sendt i A01 for ei periode i 2023, skal du framleis bruke A01 til dette.

Nye a-meldingar som gjeld for periodar frå og med januar 2024 (2024-01) skal sendast direkte på skatteetaten.no.

Om denne tenesta

Bruk skjemaet for å gi opplysningar om arbeidsforhold, lønn, ytingar, forskotstrekk og utleggstrekk til dei tilsette, i tillegg til arbeidsgivaravgift.

Skjemaet er avgrensa slik:

  • berre eitt arbeidsforhold per tilsett per verksemd
  • berre eitt skjema per verksemd
  • kan ikkje nyttast av offentlege etatar
  •  

Sender du ei a-melding for ein månad og ei undereining/verksemd du har sendt a-melding for før, vil den førre a-meldinga for same månad og undereining/verksemd BLI ERSTATTA HEILT.
Merk at ei a-melding frå dette skjemaet ikkje erstattar ei a-melding sendt frå lønnssystem.

Merk!

  • Har du lønnssystem, skal du ikkje bruke dette skjemaet, heller ikkje til korrigeringar.
  • Du må sende eitt skjema per underenhet/verksemd dersom du har fleire

Vi tilrår alle verksemder å sende a-melding frå eit system (A02).

Skjemaet er for deg som ikkje har eit lønnssystem og skal sende a-melding for 1 - 8 tilsette.

For å bruke skjemaet treng du ei av desse tilgangane i Altinn:  

  • Utfyllar/innsendar
  • Rekneskapsførar med signeringsrett
  • Rekneskapsførar utan signeringsrett
  • Rekneskapsførar lønn
  • Ansvarleg revisor
  • Revisormedarbeidar
  • Kontaktperson NUF

Her ser du meir informasjon og eit oversyn over alle Altinn-rolla


Du kan sjå kva for roller du har for ein aktør på sida Profil. Manglar du rettar, må du få nokon som har rolla til å delegere dei til deg.

Dersom du er ukjend med rapportering i Altinn, gå til hjelpesidene.

Kvar månad. Frist den 5. i kvar månad. Dersom den 5. er helg eller helgedag, er fristen første yrkedag etter.

Hugs å rapportere status på arbeidsforhold kvar månad. Dette rapporterer du sjølv om du ikkje betaler ut lønn.

Sjekk alltid tilbakemeldinga.

Kvar gong du sender a-melding kontrollerer vi ho automatisk. Tilbakemeldinga du får, seier kva du har rapportert og eventuelle feil du må rette. Ho inneheld òg informasjon om betaling av arbeidsgivaravgift og forskotstrekk, kontonummer og KID-nummer.

Du finn tilbakemelding (A03) i «Innboks» i Altinn.

Er du pliktig til å levere a-melding, men ikkje leverer eller leverer ho med feil, kan du få tvangsmulkt.

Feil eller manglar i opplysningane du sender i a-meldinga kan få følgjer for dei tilsette. Det kan føre til feil i skattemeldinga (sjølvmeldinga) eller feil i utbetalingar frå NAV. Det er derfor viktig at du sender riktige opplysningar innan fristen for månaden.

Hugs å føre opp status på arbeidsforhold kvar månad, sjølv om du ikkje betaler ut lønn.

Treng du hjelp?

Ta kontakt med Skatteetaten på telefon 800 80 000, tasteval 2-3-1 eller bruk Kontaktskjema.

Åpne kontaktskjema