Innloggingsmetoden du vel har mykje å seie for kva sikkerheitsnivå du har i Altinn. Det er forskjellige krav til sikkerheitsnivå på dei ulike skjema og tenestene i Altinn.

Om du har for lågt sikkerheitsnivå når du freistar å ta i bruk ei teneste, vil du få melding om å logge inn på nytt og velje ein innloggingsmetode med høgare sikkerheitsgrad.

Sikkerheitsnivå 4 - Innlogging med BankID, Buypass smartkort, Commfides og BankID på mobil

Loggar du inn med Commfides, BankID, BankID på mobil eller Buypass smartkort får du tilgang på det høgaste sikkerheitsnivået i Altinn. Dette sikkerheitsnivået er nødvendig blant anna for å signere kontonummerendring for refusjonar frå NAV og sende inn melding frå bustyrar.

Sikkerheitsnivå 3 - Innlogging med MinID (via ID-porten)

Vel du å logge inn med PIN-kodar frå MinID, får du tilgang til det nest høgaste sikkerheitsnivå i Altinn, og du vil få tilgang til dei fleste tenestene.

Sikkerheitsnivå 2 - Innlogging med Altinn kodebrev/SMS-kode

Med eingongskode frå Altinn kan du logge inn på sikkerheitsnivå 2. Du får tilgang til ei rekkje tenester.

Sikkerheitsnivå 1 - Innlogging med berre passord

Om du loggar inn med berre passord, får du tilgang til eit avgrensa tal tenester i Altinn. Du får ikkje tilgang til å endre mobiltelefonnummer i profilen med denne sikkerheitsgraden.

Sikkerheitsnivå 0 - Innlogging utan fødselsnummer/D-nummer

Om du ikkje har fødselsnummer eller D-nummer, kan du logge inn med brukarnamn og passord som du sjølv har registrert. Det gir tilgang på sikkerheitsnivå 0 i Altinn og berre eit fåtal tenester er tilgjengelege.


Åpne kontaktskjema