Sletta
I sletta ligg meldingar du har valt å sletta frå innboks eller arkiv. Desse meldingane kan du anten sletta permanent eller angre slettinga.
Opn meldinga og trykk på Angre sletting.
Det kan vera tre årsakar til at du ikkje finn et skjema i sletta:
- Det er meir enn 2 år sidan skjemaet vart sletta, noko som gjer at det slettast automatisk av Altinn.
- Nokon har valt å permanent slette skjemaet.
- Skjema hadde status til utfylling før det vart sletta.
Meldingar i sletta kan man velgja å slette permanent. For verksemdar må ein ha rolla Tilgangsstyring. Når eit skjema eller ei melding er permanent sletta vil det ikkje vera mogleg å angre sletting.